Følg oss gjerne på sosiale nettverk
VISIT JØLSTER
Breen låg over bygda i tusen år. Fossar, elver og bekkar rann frå isen mot vatnet.
Mot Jølster.
I dropane under iskanten speglar Jølster seg som ei dronning, vakrast i landet.Auren blenkjer under vassflata, rabarbraen lyser i vårhagane.
Frå Jostedalsbreen til Jølstravatnet finn vassdropane sine vegar i landskapet,slik du vil finne din.
Fiske
Brått opnar vasskorpa seg. I eit kort sekund ser du auren danse i sollyset. Fisken glitrar i gull og sølv før den forsvinn i djupet. Ringane i vatnet breier seg mot fjellsidene før spegelen ligg like blank og blå.
Følgjer du vatnet, finn du skatten som gøymer seg under den blå spegelen. Auren lokkar deg innover i dalane, oppover i fjella. Han er sterk og sprek. Får du han på kroken, tenkjer du som oss: Finare fisk finst ikkje.
Kultur og mat
Jølstravatnet strekkjer seg som ei blå kjelde gjennom bygda. Tolv grender omkransar vatnet, som ei ubryteleg lenkje av levande landskap bygde med skaparkraft og arbeidsglede.
Om du går, syklar eller padlar langs strendene ser du korleis dei eldste husa vender gavlen mot deg og helsar velkomen.
Vi bygde dei slik. Vi vart vande med det vakre. Vi vart verande.
Jølster er vår plass på jorda.
Slik jorda krinsar kring sola og seg sjølv, endrar landskapet seg med årstidene og med lyset.
Sjølv om det er det same, er det nytt. Kvar morgon. Kvar kveld.

Jølvassbu Camping
Fiske og friluftscamp i naturskjønne omgivelser.

Jølsterlia Hyttetun
Hytteferie i flott Jølster natur.
Ønsker du å bli medlem av Visit Jølster?