Lunde Turiststasjon er ein tradisjonsrik overnattingsplass som har vore i drift sidan tidleg på 1890- talet. Lunde Turiststasjon ligg idyllisk til mellom høge fjell og fantastisk utsikt utover Kjøsnefjorden og mot Lundebreen.
Lunde Turiststasjon ligg i Jølster – midt i Sogn og Fjordane – mellom mektige fjell og under ein arm av Jostedalsbreen, Lundebreen. Å overnatte hjå oss på Lunde vil vere eit godt utgangspunkt for aurefiske i Jølstravatnet, turar i nærområdet og å besøke dei ulike musea og galleria i Jølster; Astruptunet, Eikåsgalleriet, Jølstramuseet. Du kan i tillegg nå store delar av Sogn og Fjordane på ein dagstur, til dømes Flåm, Nigardsbreen, Briksdalsbreen, samt Geiranger i Møre og Romsdal.
Lunde Turiststasjon tilbyr overnatting i hytter, rom og leilegheiter , utleige av båt, kajakk, kano og aktivitetar for grupper t.d. rodeo- okse, laserskyting, øksekasting.
Frå Lunde kan du gå den velkjende fotturen opp Lundeskaret til Marabreen.